Assange seier han politimelder Nobelstiftelsen etter fredspris

Wikileaks-grunnleggar Julian Assange seier han har politimeldt rundt 30 personar knytte til Nobelstiftelsen i Sverige etter at Nobels fredspris blei tildelt María Corina Machado. Ifølge Assange har han levert meldinga fordi han hevdar tildelinga bryt med Alfred Nobels testamente og gjer fredsprisen til eit «verktøy for krig». Han skriv også at han ber om at svenske styresmakter fryse prispengane til Machado. NRK har tatt kontakt med Nobel-instituttet i Noreg for ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.