Stjernebibliotek opnar

Universet er meir merkeleg enn nokon av oss kan førestille oss. Likevel held vi fram med å prøve. No har nokre av desse førestillingane og undringane over universet blitt til eit stjernebibliotek. Rett ovanfor togstasjonen på Harestua, nord i Marka og omgitt av innsjøar, sykkel- og skiløyper, ligg Solobservatoriet i region Hadeland – berre ein halvtime frå Gardermoen og under ein time med tog frå Oslo – no og med stjernebibliotek. Opningstidene vil følgje små og store hendingar på himmelen, som måneformørkingar og liknande. På opningsdagen, førstkomande laurdag 28. februar 2026, vil det vere ein planetparade med seks planetar som legg seg i linje på himmelen. Ta gjerne med akebrett – og hugs hjelm! Kanskje kan du sjå nokre av planetene medan du akar den lange akebakken frå Solobservatoriet og heilt ned til toget.