Trump benådar Rudy Giuliani og fleire for innblanding i 2020-valet

President Donald Trump har benåda fleire sentrale personar som var involverte i forsøka på å omgjere resultatet av presidentvalet i 2020, ifølge USAs benådingsadvokat Ed Martin. Blant dei benåda er Rudy Giuliani, John Eastman, Mark Meadows, Christina Bobb og Boris Epshteyn, melder ABC News. – Denne proklamasjonen avsluttar ein alvorleg nasjonal urett som blei påført det amerikanske folket etter presidentvalet i 2020, og held fram prosessen med nasjonal forsoning, heiter det i benådinga. Trump er sjølv tiltalt i samband med forsøka på å omgjere valresultatet. No blir det presisert at benådinga ikkje gjeld han. – Denne benådinga gjeld ikkje presidenten i USA, står det i benådinga. Presidentvalet i 2020 enda med siger til Joe Biden, men Trump nekta å godta resultatet og hevda at valet var stole. I etterkant prøvde han og fleire støttespelarar å få omgjort resultatet gjennom rettssaker og politisk press, men lukkast ikkje.