Ved 23.30-tida torsdag kveld rykte naudetatane ut til Bryggen i Bergen etter melding om to personar i sjøen. Det viste seg etter kvart at ei kvinne hadde falle i vatnet, medan ein mann hadde hoppa etter for å hjelpe. – Begge fekk hjelp til å kome seg på land av politipatruljane som kom til staden, opplyser operasjonsleiar Bjarte Rebnord til NRK. Han rosar innsatsen til mannen. – Han gjorde ein veldig viktig innsats. Ikkje nok med at han hoppa etter, men han klarte også å varsle naudetatane. Så hans innsats var nok uvurderleg. Det tok rundt fire minutt frå politiet fekk meldinga til første patrulje var på staden. Dei to hamna i ei lita lomme mellom ein stor båt og sjølve brygga. – Det var nokre utfordringar for patruljen i og med at denne båten, som er forholdsvis tung, låg tett mot brygga, og det var lite rom for dei to som låg i vatnet. Men dei fekk skubba båten litt ut. Kvinna var først medvitslaus, men var vaken då ho vart teken med i ambulansen. Mannen vart køyrd til legevakta for undersøking.