NRK Rogaland
Politiet har fått melding om ein terrengbrann på Espevær i Bømlo kommune. – Det er eit bål som ein har mista kontroll på, seier innsatsleiar Frode Sagvaag i Bømlo brannvesen. Det brenn ved sidan av eit bustadhus, på eit område på om lag 30x10 meter. – Men det er ingen folk inne i huset, seier Sagvaag. Det er sendt ut brannmannskap frå både Espevær, Bremnes og Langevåg. – Det er spreiingsfare og bygg i nærleiken, opplyser Nina Bru Nevøy i Sør-Vest politidistrikt. Politi er også på veg til staden.
Go to News Site