NRK Rogaland
Jonas Lovv var tydeleg spent før den viktige juryprøven onsdag kveld. Men ifølgje ESC-kommentatoren leverte han godt. – Kjempebra juryprøve som sat som eit skot. Han sklei litt på scena, men gjorde det til ein del av koreografien, seier ESC-kommentator Jim Ødegård Pedersen. Han trekker særleg fram formidlingsevna. – Han og Norge skal sjølvsagt til finalen! Artisten sjølv er godt nøgd. – Det kunne vel eigentleg ikkje gått betre, seier Jonas Lovv til NRK etter prøven. – Sklei du på scena, eller var det bevisst? – Kan vi ikkje berre late som om det var koreografi, og så håper vi det ikkje skjer i morgon? Eg trur eg fekk litt overtenning, seier artisten.
Go to News Site