Prisstigning på 3,3 prosent dei siste 12 månadene

Prisstigning på 3,3 prosent dei siste 12 månadene

Frå oktober i fjor til år har prisane stege med 3,3 prosent, det opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB). Det er ein nedgang frå 3,6 prosent i september. SSB peikar på at nedgangen i tolvmånadersveksten i konsumprisindeksen (KPI) i stor grad skuldast fall i straumprisane frå september til oktober. – Innføringa av norgespris-ordninga har bidrege til lågare straumprisar i dei sørlege prisområda, seier seksjonssjef Espen Kristiansen i SSB. Matvareprisane steig med 0,6 prosent i oktober.